tirsdag 20. september 2011

Det sosiale medium

No som verda blir verda meir og meir globalisert, er det lettare for folk å kommunisera med kvarandre. Den største sosiale nettsia må vel vere Facebook. Her kan ein kommunisera med akkurat kven ein sjølv vil, og bli kjent med folk i frå heile verda.

Det er også kjekt å finne gamle kjenningar på sida. Så lenge ein har namnet til ein person kan man søke dei opp og sjå kva for nå liv dei har.
Men igjen så er det mange som stillar seg dette spørsmålet:
ER FACEBOOK TRYGT?
Min personlege meining er at ein sjølv gjer det så trygt som ein sjølv vil. Ein kan velje å berre ha namn og minst mulig informasjon om seg sjølv, eller ein kan velje å legge ut om heile livet sitt. Ein kan også velje å låse profilen sin for folk du ikkje er «venn» med på Facebook.

Alt i alt synast eg at Facebook er ein utruleg bra måte å ha kontakt med folk og venner på. Eg har også mulegheita til å kommunisera med dei vennene og familien eg har  som bur i Tsjekkia.
Personlig synast eg at alle burde ha Facebook, så vi talast der! 

Tumblr_lroeznrl1d1qef21ko1_500_large
Bilde fra weheartit.com

mandag 19. september 2011

Eit dikt


Ivar Aasen
 
Det lagar seg so ymist med vaar Lukka;
ei Stund er Verdi berre blid og bjart,
ei onnor Stund daa maa me helder sukka,
at Verdi viser seg so myrk og svart.
 
Men enda alltid gjenom slika Rider,
daa Vegen fyr’ oss feller tung og bratt,
so hava me ei Von um betra Tider,
og denne Voni er vaar beste Skatt.
 
Den gode Voni hjelper oss aa strida
ho døyver Suti, naar me ottast illt,
ho huggar oss, naar nokot vondt me lida,
og gjerer Livet jamnast ljost og mildt.

torsdag 8. september 2011

Lesestrategiar

Heilt i frå ein går på barnehagen blir ein interessert til å lese. Etterkvart finn ein ut om ein likar å lese, eller om ein synast det bare er sløsing av tid. Alle kan bli betre til å lese, og då er det smart å ta i bruk gode lesestrategiar. Dette kan ein lære mykje om på skulen, slik som vi nettopp gikk igjennom i tima. Vi så spesielt på DENNE siden som ein kan lese mykje om ulike smarte måtar å lese på.

Ønsker dei som lesar dette innlegget lykje til med lesinga si.


FlickrCC